Tuesday, November 10, 2009

Eg er visst heilt forelska

Eg er visst heilt forelska,
eg surrar kor eg fer,
det kitlar vilt i magen
og ut i alle tær.

Og hjarta har eg mista.
Du grabba det og fór.
Eg spring på alle vegar
og følgjer dine spor.

Eg kastar bein og armar
så du kan fanga dei,
eg kastar begge augo
i same kjære lei.

Eg er eit boblehovud
som trillar på ein veg
og berre ler og smiler
for det er fylt av deg.
~Per Olav Kaldestad~